Ramskeidvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ramskeidvegen
Foto: Anne Brit Flatin Borgen (2024).

Ramskeidvegen er ein blindveg og gardsveg som går nordover frå Brunkebergvegen i Kviteseid kommune til garden Ramberg (gnr. 28/12) i Seljord kommune. Han er 608 meter lang, og av det ligg 538 meter i Kviteseid og 70 meter i Seljord.

Det er mogeleg å seie at vegen har namn etter gardane Ramskeid (gnr. 103/6) og Ramskeid vestre (gnr. 103/12, men vegen blei laga i samband med boligbygging ca 1975, og hadde i utgangspunktet ikkje namn. Då Seljord Kommune ga Ramberg vegadressa: Bygdaråvegen 705, og dei to andre husstandane på vegen ikkje hadde fått noko vegadresse frå Kviteseid kommune enno, foreslo vi sjølv Ramskeidvegen, og fekk dette endra.

Kjelder

  • Faktaark fra Kartverket for Kviteseid kommune
  • Faktaark fra Kartverket for Seljord kommune
  • Muntleg kjelde: Anne Brit Flatin Borgen


Koordinater: 59.44901° N 8.56290° Ø