Rauland historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rauland historielag er eit historielag i Vinje kommune i Telemark. Laget vart stifta i 1986 og har gjeve ut årsskrift sidan 1991. I 2019 hadde historielaget 134 medlemmar; utviklinga er stabil.

Hovudaktivitetar

Lokalt kulturhistorisk arbeid, mellom anna infoskilt på utvalde plassar, temakveldar og årlege utgjevingar om ulike emne. Det ligg ein del bilete på heimesida til historielaget.

Rauland historielag har fått Vinje kommune sin kulturpris. Begge dei to tidlegare leiarane (Kostveit og Kjellingtveit) har også fått prisen. I 2006 fekk historielaget i Rauland Rikard Berges pris for lokalhistorie.

Leiarar

  • Åsta Østmoe Kostveit 1986-2008
  • Birger Kjelingtveit 2009-2018
  • Toril Nicolaisen 2019

Utgjevingar

  • Kostveit, Åsta Østmoe: Sporanes : helleristningar i Rauland. Utg. Rauland historielag. 2013. 45 s. ISBN 9788293040040.
  • Årsskrift.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenker