Rikard Berges pris for lokalhistorie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rikard Berges pris for lokalhistorie er ein pris til fremje av godt lokalhistorisk arbeid i Telemark. Prisen blir delt ut av styret i Telemark historielag etter innstilling frå ein komite sett saman av tre personar. Historikarmiljøet tilknytta Universitetet i Sørøst-Noreg, studiestad Bø, Telemark Museum og styret i Telemark historielag vel éin representant kvar. Medlemane skal veljast for tre år om gongen. Representanten for historielaget leier arbeidet i komiteen. Prisen er for tida (2018) på kr 5000,- og eit diplom, og blir delt ut under historielaget sitt årlege seminar.

Prisvinnarar

2020 og 2021: Torstein Kiil og Stråholmen, og Helge Songe og Tom Nilsen

2019: Ingulv Burvald

2018: Harald Nikman og Halvard Kårstein

2017: Kviteseid historielag og Vest-Telemark Museum

2016: Skotfoss historielag

2015: Aasta og Øystein Kostveit

2014: Thorbjørn Wahlstrøm og Helge Markussen

2013: Dag Straume og Johnny Sørensen

2012: Vinje historielag

2011: Siljan historielag og Historisk Forum

2010: Bamble historielag

2009: Øystein Morten si bok Stavkyrkja i Eidsborg – Ein biografi

2007: Ragnar Lurås og Ragnvald Christenson for boka Ljos og kraft til alle heimar

2006: Rauland historielag

2005: Arne Espelund for boka Jernet i Vest-Telemark – der tussane rådde grunnen

2004: Peter Fjågesund og Drangedal historielag

Vedtekter

§1 Rikard Berges pris er ein pris til fremje av godt lokalhistorisk arbeid i Telemark.

§2 Kvart år skal det delast ut pris for lokalhistorisk arbeid om Telemark. Vilkåret er at det blir funne verdig(e) kandidat(ar). Styret i Telemark historielag kan vedta at det enkelte år ikkje skal delast ut pris.

§3 Prisen ligg under styret til Telemark historielag, som fastset vedtektene.

§4 Prisen blir delt ut av styret i Telemark historielag etter innstilling frå ein komite sett saman av tre personar. Historikarmiljøet tilknytta HSN ved studiestad Bø, Telemark Museum og styret i Telemark historielag vel kvar ein representant. Medlemene skal veljast for tre år om gangen. Representanten for historielaget leier arbeidet i komiteen.

§5 Komiteen hentar inn forslag til kandidatar.

§6 Prisen er for tida på kr 5000,- og eit diplom, og blir delt ut under historielagets årlege seminar.

Kjelder