Reidar Tveit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Reidar Tveit (fødd 4. november 1921 i Gulen) er tidlegare fylkestannlege i Sogn og Fjordane (1958-89). Tveit, som er busett i Førde, var ordførar i kommunen 1968-90. I 2015 vart han heidra med namnet Reidar Tveits plass ved Førdehuset.

Bakgrunn og utdanning

Han tok examen artiumVoss i 1941. Tveit byrja så på tannlegestudiet i Oslo, men dette vart avbrote av krigen. Hausten 1943 vart han arrestert som student; han vart fyrst overført til Stavern, men i januar 1944 ble han sendt til Buchenwald i Tyskland. Ein periode satt han i Sennheim, men han vart overført til Buchenwald att og sat der til frigjeringa våren 1945.

Han kom heim til Noreg og byrja å studere att. I 1947 fekk han graden cand.odont.

Yrkesveg

Reidar Tveit hadde som nyutdanna privat tannlegepraksis. Han var òg skoletannlege i Gulen og Stryn til 1955. I 1958 vart han fylkestannlege, ei stilling han hadde i 30 år. I meir enn ti år var Tveit dessutan rådgjevande tannlege for trygdekontora i Sogn og Fjordane. Han er æresmedlem i Sogn og Fjordane tannlegeforening.

Ordførar

I 1968 vart han vald til ordførar i Førde. Tveit representerte fyrst Venstre, men etter partikløyvinga i 1973 gjekk han inn i Det Liberale Folkepartiet (DLF). Tveit var ein populær ordførar, og med han som toppkandidat fekk DLF nesten reint fleirtal ved kommunevalet i 1976.

Tveit var ordførar i den store vekstperioden til tettstaden Førde. I ordførartida hans vart mellom anna sentralsjukehuset og Førdehuset (1976) bygde. Han hadde dessutan ei avgjerande rolle for at Sogn og Fjordane Teater vart skipa (1977). Han var teateret sin fyrste styreleiar, og han var dessutan styremedlem i Statens Teaterråd og Norske teatres forening. Tveit vart den fyrste leiaren av Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

Kjelder og litteratur