Reime skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Reime skule var ein folkeskule i Raundalen i Voss kommune. Skulehuset sto opphaveleg på Bakketun, men vart i 1893 flytta til Reime, der skulen før hadde hatt tilhald i eit leigd hus. Reime skule hadde ei grunnflate på 48 kvadratmeter. Det var bygd i to høgder, men andre høgda vart ikkje teke i bruk før vinteren 1939/40.

Skulen vart lagt ned i 1965, i samband med skulesentraliseringa på Voss. Alle skuleborna frå Raundalen, mellom anna frå Mjølfjell og Reime, vart samla på den nye sentralskulen på Urdland. Skulehuset på Reime vart overdrege til bygdefolket på Reime, til bruk som grendehus. Også tidlegare hadde laga i grenda, som Reime ungdomslag og Reime kvinneforening, nytta skulen som møtelokale og forsamlingshus.

Lærarar

  • Olav Eivindson Skjerve 1873-1905
  • Johannes Skjerve 1905-?

Elevtal

  • 1911/12: 52

Kjelder og litteratur

  • Reime, Reidar: Reimegrend - folk i hus og hytter, 2013, s. 238 og 250-251.

Eksterne lenkjer

Koordinater: 60.678883° N 6.751566° Ø