Reime (Voss)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Reime
Sted: Reimegrend i Raundalen
Fylke: Vestland
Kommune: Voss
Gnr.: 143
Den nedlagte butikken på Reime.
Foto: Trond Nygård (2012).

Reime (gnr. 143) er ein matrikkelgard i Raundalen i Voss kommune. Garden var udelt fram til 1751, og besto rundt 1800 av tre bruk. I 1840 vart bruk 4 delt frå, medan det femte bruket oppsto i 1932, då det vart delt frå bnr. 3. Husa på Reime-gardane låg fram til utskiftinga i 1917 ved same tun.

Attåt desse fem bruka, som var såpass store at dei kunne kallast gardsbruk, vart det på 1900-talet solgt unna mange tomter til hus og hytter. Reime skule (bnr. 18 og 35) var i bruk frå 1893 til 1965.

I Norske Gaardnavne vert namnet tolka som dativ fleital av reim (band), «der maa have kunnet bruges om Gaardens langstrakte Jordvei». Uttalen er /rai`me/, genitiv /rai`mis/.

Reimegrend stasjonBergensbanen ligg på Reime.

Kjelder og litteratur