Reindrifta på Grønland vart etablert i 1952 ved Nuup Kangerlua (danskGodthåbsfjorden) på Vestgrønland. Dyra vart henta frå Nordkinnhalvøya, frå Márgget-siidaen og frå andre som hadde rein innblanda der, først på september. Avtalen var at det skulle kjøpast 300 dyr, mest simler og årskalvar. John Erik Eira (30) og John Johnsen Balto (52) vart med til Grønland som reingjetarar. Reineigaren Olaf Stormo (1912–1982) frå Skjerstad, som dreiv med rein på Saltfjellet, hadde ansvaret for transporten. Reinane vart tekne ombord i «Hanne S» av Svendborg den 11. og 12. september, og skipet la ut på ettermiddagen den 12.
Kjelde
Samisk reindrift på Grønland : fra utvikling til avvikling (1952-1978). Utg. ČálliidLágádus. Kárášjohka. 2012. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!