Riksveg 7

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Riksvei 7»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vøringsfossen er ein av dei mest kjende attraksjonane langs riksveg 7.
Foto: Marthinius Skøien (1880–1910).

Riksveg 7 går frå Hardangerbrua i Ullensvang herad til Hønefoss i Ringerike kommune, og er ein av hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet. Den kryssar Hardangervidda og går gjennom Hallingdal.

Vegen følgjer i korte trekk denne traseen: Ved Hardangerbrua tar han av frå Riksveg 13 og går langs Eidfjorden til Eidfjord. Han følgjer så Måbødalen forbi Vøringsfossen, og så over Hardangervidda over Haugastøl og Ustaoset. På andre sida av vidda kjem vegen til Geilo, og så Hol, Ål, Torpo, Gol, Nesbyen og Flå i Hallingdal. Vegen går så til Gulsvik og ned langs østsida av Krøderen til Hamremoen. Derifrå går han til Sokna og endeleg til Sørum ved Heradsbygda på Ringerike der han møter E16.

Strekninga mellom Eidfjord og Haugastøl er ein nasjonal turistveg.

Litteratur