Rue (Tinn gnr 59)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rue | |
---|---|
Alt. namn: | Rui |
Stad: | Gausetbygde |
Sokn: | Atrå |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Tinn |
Gnr.: | 59 |
Rue er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. I Tinn soga (s. 296) skriv Halvor H. Einung at gardsnamnet tyder rudning. Garden vart truleg rydda i mellomalderen, då han vart skild ut frå ein større grannegard.
På 1500- og 1600-talet var Rue underbruk og låg i skattelag med Nørstegard og Ormsjorden. Frå 1700-talet var staden sjølvstendig gard att. Bruket Under-Rue vart delt frå i 1758, men i 1875 selde Ola Knutsson attende til hovudbølet. Gunnulv Jonsson (f. 1841) overtok dette samstundes som han kjøpte Under-Rue.
Kjelder
- Einung, Halvor H.: Tinn soga. B. 2. Rjukan. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 296-299.
- Rue i folketeljinga 1801 for Tinn prestegjeld frå Digitalarkivet