Sørsamar

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Sørsamer)
Hopp til navigering Hopp til søk
Viehtjere (‘runebommehammar’) frå Rendalen i Østerdalen, datert til kring 1160–1260 evt.

Sørsamane er den gruppa av samar som tradisjonelt bur lengst i sørvest av dei samiske folka. I vidare forstand er ofte umesamane inkludert, og gruppa inkluderer da så å seie alle samar som tradisjonelt har budd sør for Saltfjellet i Norge og sør for Arjeplog i Sverige. Språklig sett viser sørsamisk arkaiske trekk. Det finst to motstridande ytterpunkt i synet på sørsamisk historie: det tradisjonelle synet, som er at samane har vore til stades i området i uminnelige tider og representerer urbefolkninga i Skandinavia; og Yngvar Nielsen sin framrykkingsteori, som seier at mangelen på historiske kjelder om samisk nærvere i Midt- og Sør-Norge beviser ex silentio at samane har rykka inn frå nord og at dette ikkje skjedde før på 1700- og 1800-talet. Ei etter kvart svært fyldig liste over historiske kjelder — i form av både skriftlige dokument og arkeologiske funn — har ført til at forsvaret for framrykkingsteorien har meir eller mindre stilna sidan 1990-åra.

Språk

Snåsa bibliotek er Snåasen gærjagåetie på sørsamisk.
Foto: Olve Utne
Sjå òg sørsamisk.

Sørsamisk språk skil seg ut frå dei samiske nabospråka ved eit konservativt konsonantsystem, inkludert bevarte nasalar i utlyd, og mangel av stadieveksling. Vokalsystemet er prega av eit omfattande omlydssystem. I ordskatten utmerkjer sørsamisk seg med eit stort antal lånord frå urnordisk.

Arkeologi

Byggjeskikk

Sørsamisk gåetie i Ankarede.
Foto: Olve Utne

Det mest særprega i den sørsamiske byggjeskikken er at veggene i bogestongskåta går opp i ein spiss heller enn i ein kuppel slik som vi typisk ser det i nordsamiske gammar.

Sørsamisk buvrie på Skansen i Stockholm.
Foto: M. Prinke

Religion

Musikk

Vidare lesing