Sørvik (Sandnes gnr. 110/44)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørvik
Stad: Hommersåk
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 110
Bnr: 44
Type: gardsbruk
Adresse: Grønnevikveien 181

Sørvik (Sandnes gnr. 110/44) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/44. Utskilt frå gnr. 110/2 tinglest 21.11.1891. Bruket ble sammenslått med gnr. 110/7 og gnr. 110/46 tinglest 30.07.1935.

Brukarar

97. Aslak Torgersen,

f. 1821, d. 1897. Son til Torger Aslaksen, som budde på Sandnes (sjå Høyland g.o.æ. s 316, nr 54).

Aslak hadde fyrst gardsbruket i Grytvigjå, men selde det i 1891 (nr 90). Ved salget haldt han igjen eit mindre stykke der han sidan budde.

G.m. 3) Anna Karina Danielsdtr. f. 1844, frå Vikedal. Ho selde Aslakstykkjet i 1900 til gardbrukaren i Grytvigjå.

Barn:

  1. Aslak Andreas, f. 1888

98. Oskar Knudsen,

f. 1905. Son til Knud Knudsen, bonde i Grytvigjå (nr 92).

Oskar fekk skilt frå dette stykkjet i 1933 og bygde nye hus på plassen. Ikkje lenge etter selde han til Kornelius Li og reiste til Canada.

99. Kornelius P. Li,

f. 1871, d. 1942. Son til Per Persen Lauvås (Lauvås-70).

Kornelius hadde gard på Li i nesten førti år (nr 61). Den overlot han til kona sin brorson i 1937 og kjøpte sjølv Aslakstykkjet i Grytvigjå. Her budde han og kona som gamle.

G.m. 1893 Martha Ingebretsdtr. f. 1866, d. ca 1957, dotter til Ingebret Danielsen, bonde på Eikebergheiå (Lauvås-55).

100. Einar Ingebretsen,

f. 1881. Son til Ingebret Danielsen, bonde på Eikebergheiå (Lauvås-55).

Einar var sjømann. Han budde fyrst på Eikebergheiå (Folk i bygda-312), sidan på Jørpeland. Han kom til Grytvigjå under krigen og hadde dette stykkjet til ei stund etter krigen var slutt. Sidan budde han på Jørpeland igjen.

G.m. 1) Jenny,

2) 1927 Karen Rugland, f. 1890, dotter til Jonas Rugland, Varhaug (sjå Hå g.o.æ. bd II Varhaug-Vigrestad, s 398, nr 43).

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Ernst, f. 1916, bonde på Li (nr 62)

i andre ekteskap:

  1. Jenny Marie, f. 1933.

Litteratur og kilder

Referanser