Saltværing

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Saltenmål»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt Bodø og i nokon grad Fauske ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet på Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir.

Lydverk

Konsonantar

Dialekten har tjukk l av historisk l, men med ein del unntak lengst nord i Salten. Den tjukke l-en blir uttala som ein retrofleks flapp dei fleste stadene, men ofte som ein retrofleks lateral i Bodø. (I Moskenes kommune i Lofoten, rett over Vestfjorden frå Bodø, finst elles ein liknande l, men der uttala som ein alveolopalatal lateral.) Historisk blir uttala som r i heile Salten. Konsonantsambanda nd og ld er assimilerte til nn og ll, og alle desse får palatalisert uttale i trykksterk posisjon.

Trykklett -m fell bort i utlyd:

jøno (gjennom), (som)

Endingane -rn(-), -nn(-) og -nd(-) har som hovudregel gått over til enkel, dental -n(-) i trykklette stavingar:

liggan (liggande), framkåmmanes (framkommande, framkommeleg), dagan (dagane)

Vokalar

Lange vokalar

Utlydande -a er vorte til å i ord som . Dialekten har både og i trykksterk utlyd:

(meg); (med)

Trykklette vokalar

I endinga -leg/-lig har dialekten uttalen -li:

enneli (endeleg), hǿveli (høveleg), passeli (passeleg), tíli (tidleg)

Endinga -ut har tildels uttalen -åt i eldre mål, medan yngre mål helst har uttalen -at:

pjuskåt/pjuskat (pjuskut), slørvat (slurvut)

Endingane -an og -um blir i hovudsak uttala som -o i eldre mål, men varierer med -a — særleg i yngre mål og i nærheita av Bodø:

jøno (gjennom), attopå (attanpå, etterpå), øustovinn (austavind), fåkko (fokka), sío (sida), lekså (liksom), inna (innan)

Apokope

Det er utstrakt apokope i dialekten. Historisk a-ending i infinitiv og i ubunden form eintal av svake hokjønnsord har falle bort (å fe’sk, å gjæ’r, ei vi’s, ei vé’k(k)). Historisk i/u-ending, inkludert føre historisk -t og -r, har òg falle bort i dei fleste falla (ikkj’ (‘ikkje’), enn o’ks, på ta’k (‘på taket’), ma’ng søu’ (‘mange sauer’), ma’ng bø’tt (‘mange bøtter’)). Bortfallet er ikkje bestemt av jamvektsregelen slik ein ser det i austnorsk, men finn stad både etter historisk korte og historisk lange stavingar.

Prosodi

I typisk saltværing skil ein mellom tonem 1 og tonem 2 av fleirstavingsord på liknande vis som i dei fleste andre norske dialektane. Det same skiljet finn ein i einstavingsord — der tonem 2 som hovudregel blir bruka i ord med apokope. Vi får dermed minimale par som tak (‘tak’) / ta’k (taket) og søu (‘sau’) / søu’ (‘sauer’). Stadnamn med apokope og tonem 2 inkluderer Fauske, som tradisjonelt blir uttala Føu’sk.

I og nærme Bodø er det noko ustøheit i tonelaga, og ein del personar ser ut til å mangle skilnaden mellom tonem 1 og tonem 2.

Formverk

Pronomen og adverb

Av pronomena og adverba er å merke seg:

  • é (eg), (meg)
  • hån (han)
  • da (det)
  • denn / dann
  • hér å dar (her og der)
  • dokk (de, dykk)
  • (dei, dem)

Substantiv

Hankjønnsord

Hokjønnsord

Det er skilje mellom sterke og linne (svake) hokjønnsord i bunden form eintal: e bók / dann bókja; e ví’s / dann víso. A-endingane spreier seg i yngre mål. Ubunde fleirtal av hokjønnsord er oftast apokopert: en søu / tó søu’; e bø’tt / tó bø’tt.

Konsonantstammar får gjerne -er i ubunde fleirtal, og endatil -ern i bunde fleirtal: bǿker, bǿkern.

Inkjekjønnsord

Bunden form fleirtal av inkjekjønnsord ender alltid på -an:

bóran, húsan, mǿtan

Verb

Infinitiv

Infinitiv er alltid apokopert i saltværing:

å kjǿ’p, å ko’mm, å ve’tt

Syntaks

Dativ

Det finst dokumentert enkelte dativformer i eldre saltværing. Slik finn ein t.d. den gamle dativforma Lóffóta i eldre mål nokre stader. I vår tid er dativen likevel heilt borte i saltværing anna enn som relikt i visse uttrykk og i enkelte fall som stivna dativformer i stadnamn. Den mest kjente stivna dativforma er nok sjølve forma Salten — som opprinneleg er dativforma av det gamle landskapsnamnet, Salta.

Bymål

Bodø

Bymålet i Bodø skil seg ut frå vanleg saltværing på fleire vis. Det mest hørbare skiljet er nok at bodødialekten har vesentleg mindre apokope. Elles kan nemnast bruken av formene æ/ (for é/), me (for , ‘med’), nu (for no), ikke eller ikkje (for ikkj(e)), de (eldre , for da', ‘det’) og hær å dær (for hér å dar).

Fauske

Endringstendensar i moderne saltværing

Kjelder