Samtale:Juletråd

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Prøvde å legge dette ut på Digitalarkivets debattforum i mai 2010, utan relevant respons. Prøver no å legge den her, og ber om at viss nokon kjenner fenomenet, gje referanse til andre kjelder. Foreslå gjerne annan kategorisering. Mvh Arnfinn Kjelland 26. okt 2011 kl. 20:59 (CEST)

Skikken i det eg mistenkjer er ei meir opprinneleg utgåve, har i alle fall funnest i Østerdalen, Gudbrandsdalen og i Trøndelag; på Nordmøre, i Romsdal, og på Helgeland; og i alle fall i Jämtland i Sverige — prøv eit Google-søk med "Jultrå" OR "jultråd". Søk på «juletråd» i setelarkivet til Norsk Ordbok gjev òg 33 treff med noko variasjon i tyding. -- Olve Utne 26. okt 2011 kl. 23:47 (CEST)
Joda, eg har funne (nokre av) desse tilvisingane, men eg synes dei likevel er såpass fjernt frå det dette handlar om: nokså rein korrupsjon; dei regionale kompanisjefane gjorde krav på ikkje regulerte ytingar frå legdsmennene, tidfesta til 1700-talet, at eg er på leit etter andre døme på at det har funnes. Mvh Arnfinn Kjelland 27. okt 2011 kl. 08:36 (CEST)
Sant. Men eg mistenkjer at artikkelen «Jul(e)tråd» burde ta utgangspunkt i primærbruken (tråd, trådmateriale (lindott), fletta trådbit/tråd-dokke) og sekundærbruken (generelt om julegåver), og så ha ein bolk om korrupsjonvarianten litt lenger nedi. Gjerne òg ein artikkel med eit meir spesifikt/unikt namn om akkurat denne saka. Hørest det greitt ut? :) Olve Utne 27. okt 2011 kl. 10:14 (CEST)

Greitt nok - men kanskje helst ei peikarside til begge variantane; eg tvilar på at dei heng saman. Og i så fall bør nok den mest kjente bruken få behalde tittelen, medan denne får eit tillegg (t.d. Juletråd som muting). Eg er på farten og får ikkje gjort noko med det førebels, men du må gjerne ordne dette. Arnfinn Kjelland 27. okt 2011 kl. 13:06 (CEST)

Begynn en diskusjon om siden «Juletråd»

Start en diskusjon