Sangens og musikkens dag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Trevatn Mannskor på Sangen og Musikkens dag på Trevatn i 1953 under sin dirigent Ivar Hall Harrang. Foto: Ragnar Bakken.
Trevatn Mannskor og Trevatn Guttemusikkorps annonserte for Sangen og musikkens dag på Trevatn idrettsplass og Folkets Hus i Oppland Arbeiderblad 6. juni 1952.
Sangere og korps på vei til Rettenparken, Lillestrøm, under Sangens og musikkens dag 1. juni 1947.
Foto: Ukjent fotograf.

Sangens og musikkens dag kom i stand som landsomfattande arrangement under dette namnet frå 1948. Det var Sentralutvalget for det folkelige musikkliv som sto bak, og i utvalet sat representantar for fire nasjonale musikkorganisasjonar: Norsk Arbeidersangforbund, Norges Landssangerforbund, Norges Sangerlag og Norges Musikkorps Forbund. Ein viktig bakgrunn for initiativet, i tillegg til å spreie den glade bodskapen, var behovet for inntekter til kursing av dirigentar.

Alt i 1933 hadde Norges Sangerlag ideen til ei "(...) propaganda- og opplysningsuke som skulle ha navnet Sangens Uke".[1] 12. mars året etter gjekk arrangementet av stabelen etter ei radiotale av formann og stiftar av sangerlaget, Victor Jenssen, som han avslutta slik: "Et syngende folk er et sterkt - et lykkelig folk".[1] Dei få rapportane Sangerlaget fekk om oppslutninga i 1934, tyder ikkje på stor oppslutning, men blant deltakarane var i alle fall Jenssens eige kor, Lerken frå Oslo, og tre kor frå Sarpsborg, Trondheim og Ålesund.

Ifølgje Hagen prøvde Sangerlaget i 1936 og 1937 å få med dei to andre landssongarforbunda på ei nasjonal sanguke, utan å lukkast. Det var også fleire lokale initiativ på 1930-talet om vidareføring, mellom anna i Harstad[2] og Telemark[3]. Og fleire stader i landet arrangerte dei lokale song- og musikkdagar.

I 1939 vart ambisjonen til Sangerlaget redusert til ein Sangens dag. Kan hende var oppslutninga betre dette året. I alle fall planla styret nye arrangement i 1940 og 1941, men da verdskrigen braut ut, vart dei skrinlagt "(...) på grund av de ømtålelige forhold.".[1]

I 1946 innleidde dei tre songarorganisasjonane eit samarbeid der målet var å blåse nytt liv i Sangens dag. Same året vart Musikkens dag arrangert fleire stader i landet. Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikkorps vart derfor invitert med i samarbeidet frå 1947, og året etter stifta dei fire organisasjonane altså sentralutvalet, som hadde Sangens og Musikkens Dag som si fyrste hovudoppgåve.

Utover på 1950-talet var det stor oppslutning om dagen både i bygd og by. Dei lokale songarlaga fekk ansvaret for arrangementa lokalt. I utgangspunktet skulle dagen haldast siste søndagen i mai, men etter kvart varierte datoen lokalt. Nokre stader varte også arrangementet ei heil veke.

Inntektane frå Sangens og musikkens dag, og frå sal av jakkenåler forma som g-nøklar, gjorde det moglet for sentralutvalet å arrangere tre årlege kurs, mellom anna for dirigentar.

Fotnotar

Kjelder og litteratur