Sauland stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sauland stavkyrkje
Sauland kirke - Portal på Historisk museum C 3008.JPG
Sauland-portalen på Historisk museum i Oslo.
Foto: Chris Nyborg (2013).
Stad: Sauland i Hjartdal
Byggeår: omkr. 1200
Endringar: Revet 1860
Kyrkjegard: Sauland kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Til 1538: Den katolske kirke
Fra 1538: Den norske kirke
Bispedøme: Kristiansand
Prestegjeld: Hjartdal
Sokn: Sauland
Teknikk: Tømmer
Materiale: Stav

Sauland stavkyrkje stod på same tomta som Sauland kyrkje i Hjartdal kommune. Ho vart riven i 1860, året etter at den nye kyrkja var klar. Ein portal frå stavkyrkja er utstilt på Historisk museum i Oslo.

Bygning og interiør

Kyrkja vart truleg reist mellom 1200 og 1250. Første skriftlege omtale av soknet er i eit brev datert 16. juni 1395 om ein gard i «Swidulandæ sokn».[1]

I 1662 vart det notert at kyrkja var i særs dårlig stand. Særleg var det ille med koret, der alle svillene var rotne. Svala sto framleis. Då kyrkja vart riven i 1860 var heile koret allereie borte, og barre svala sto att på vestsida.

Vi veit nokre få andre ting om kyrkja. Ho skal ha vore mørk inni, for det var ikkje ljosglugger. Ho var 13 meter lang, 11 meter brei og det var 20 meter opp til mønet. Dermed skal ho ha være større enn Hjartdal stavkyrkje og Tuddal stavkyrkje. Det var ein takrytter som var yngre enn resten av kyrkja, og som hadde eit slankt og vakkert spir med ein hane i toppen.

Det finst eit bilete som viser noko av interiøret, nemlig måleriet «Gudstjeneste i en Landskirke» frå 1844 av Adolph Tidemand (sjå galleri nedafor). Det er basert på skisser han laga i kyrkja i 1843. Her kan vi sjå kyrkjebenkane, som vart sett inn etter reformasjonen, og altartavla, eit bilete av krossfestinga med ei utskore ramme. Tavla var frå 1810, og var ei gåve fra Hans Olsen Frøland. Denne vart flytta til den nye kyrkja, og heng på veggen der. Tidemand sitt bilde er ikkje ei dokumentarisk attgjeving av Sauland stavkyrkje; sjølv om vi kan kjenne att altertavla, er det også nokre element frå andre kyrkjer, som eit kapitel frå Urnes stavkyrkje han har sett inn på søylka som berer galleriet.

Preikestolen vart restaurert, og står på menighetshuset i Sauland.

Byggmeistaren på den nye kyrkja skal ha freista å få Fortidsminneforeningen til å flytte stavkyrkja til Christiania. Dei hadde truleg ikkje ressursar til det, og berre portalen vart teken vare på.

Portalen

Sauland-portalen står i den permanente ustillinga i mellomaldersalen på Historisk museum (C.3008). Han er av Sogn-Valdres-typen, og er rikt utskore med dragar og ranker. Portalen frå Sauland har same komposisjon som den frå Flå, og kan vere skoren av same treskjerar. Dateringa er 1180–1200, så portalen kan være noko eldre enn sjølve kyrkja. Han er kring 5,10 meter høg.

Galleri

Referansar

Litteratur og kjelder