Sjøholt
(Omdirigert fra «Sjøholt (tettsted)»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sjøholt er ein tettstad i Ålesund kommune på Sunnmøre, Staden, som har 1450 innbyggjarar (2019), var administrasjonssenter i Ørskog kommune før samanslåinga med Ålesund i 2020. Sjøholt ligg der Ørskogelva munnar ut i Storfjorden.
Gjennom Sjøholt går E39 (Ålesundsvegen), og her tek fylkesveg 650 (Storfjordvegen) av mot Fjord kommune. Tettstaden har noko industri, butikkar og overnattingsstader. Sjøholt Hotell, oppført 1901, er ein freda sveitsarstilbygning på tre og ein halv etasje.
Ørskog kyrkje, som ligg sør for elvemunningen, er ei langkyrkje i tre frå 1873. Søraust for kyrkja ligg prestegarden og nye Ørskog skule (opna 2018).
Galleri
- Ørskog kyrkje.Foto: Halvard Hatlen (2008).
- Sjøholt Hotell.Foto: Olve Utne (2008).
Kjelder og litteratur
- «Sjøholt» i Store norske leksikon
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2019.
- «Ørskog kirke», Wikipedia
- Ålesund kommune: Ørskog skule.