Sjabbat

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjabbát (hebraisk שַ֝בָּת), sabbá (port.j.) eller sjabbes (jiddisch), av kristne tradisjonelt kalt sabbat (gr. σαββάτων), er den sjuande dagen og kviledagen i den jødiske veka og blir rekna frå solnedgang på fredagskvelden til solnedgang på laurdagskvelden. I dette tidsrommet blir det etter tradisjonell halakhá (jødisk lov) ikkje gjord opp eld eller tent/sløkt levande lys; ein kokar ikkje nye matretter (men kan varme oppatt mat på visse måtar); ein reiser ikkje utom byen/bygda der ein var ved solnedgang fredag kveld; ein driv ikkje handel; og ein utfører ikkje noko handverk som sorterer under dei 39 abot melakhot (grunnleggjande typar konstruktivt arbeid). I rabbinsk jødedom, som dei aller fleste jødar i vår tid hører til, tenner ein lys til ære for sjabbát på fredag litt føre solnedgang, og ein markerer utgangen av sjabbát med habdalá (eit rituale som inkluderer signing av vin, krydder og levande lys) etter solnedgang på laurdag kveld. I synagogen er det eigne gudstenester for sjabbát på fredagskvelden, på laurdagsmorgonen og på laurdagsettermiddagen.

Sjabbát i Tenákh (den hebraiske bibelen)

Sjabbát i jødedommen

Lystenning

Fredagskveldsgudstjenesta

Signing av borna

Kiddusj for fredagskvelden

Laurdagsmorgongudstjenesta

Kiddusj for laurdagsmorgonen

Habdala

Det finst fleire ulike syn på kva tid sjabbáten er over på laurdagskvelden. Tre hovudsyn er:

  1. Når det er mørkt nok til ein kan sjå tre ulike stjerner på himmelen.
  2. Ein halvtime etter solnedgang (enten 30 minutt etter klokka eller 1/24 av tida sola var oppe den dagen)
  3. 25 timar etter at sjabbáten begynte.

Utgangen av sjabbát blir tradisjonelt markert ved habdalá-ritualet: Ein tenner eit lys (gjerne eit fletta, tvinna eller ornamentert lys med fleire veikar), fyller eit glass vin eller druejuice, tek fram krydder og les så signingar over vinen, krydderet og det levande ljøset. Ein avsluttar så med ei signing av forskjellen mellom helg og kvardag og drikk opp vinen. I samband med habdalá blir det gjerne sunge andre songar òg. Ein typisk sefardisk song er «Buena semana nos dé el Dio».

Etter habdalá (jiddisch havdóle) er det vanleg blant ḥasidiske jødar å ha melàve malke, ein fest med god mat og musikk.

Musikk

Musikkfiler

«Yodukha rangyonai», ein typisk portugisarjødisk pizmón for sjabbát.

Sabbat i kristendommen

For dei aller fleste kristne er det søndag som er kviledagen, ikkje laurdag. I ein del samanhenger har søndagen derfor tidlegare vorte omtala som sabbaten av kristne, men det er sjeldan slik i dag.

Adventistkyrkja er det einaste større, kristne trussamfunnet som konsekvent held sabbaten på laurdag, og som gjer det meir eller mindre etter bibelske reglar. Dei avviser kristen feiring av søndagen.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!