Sjur Fedje (1852–1933)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sjur Fedje (fødd 1852 i Vik i Sogn, død 1933) var lærar og politikar.
Han tok eksamen frå Stord seminar i 1874 og var sidan lærar i Follebu i Østre Gausdal, no Gausdal kommune. I åra 1880–85 gav han ut bladet Husmanden, og hadde i 1884 statsstipend til å granske husmannsstellet på Austlandet.
Sjur Fedje var ordførar i fem år og stortingsmann 1906–09 (for Arbeidardemokratane). Han arbeidde ihuga for målsak og fråhaldsarbeid.
Kjelder og litteratur
- Sjur Fedje i Historisk befolkningsregister
- Høgåsen, M.: artikkel i Norsk allkunnebok band IV. Oslo 1953.
|