Skapargledeskulpturen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skapargledeskulpturen er ein skulptur som er plassert ved ei av rundkøyringane ved Aure sentrum i Sykkylven. Skulpturen vart avduka ved ein seremoni laurdag 14. september 2013. Det er kunstnaren Kjell Gunnar Overøye som har teikna skulpturen som vart kåra som vinnar i ein konkurranse som vart skipa til i 2012. Kunstnaren har omtala verket som ei fri fabulering over temaet «Menneske – stol.»
Skulpturen tek utgangspunkt i den næringa som er heilt dominerande i Sykkylven, møbelindustrien, men Overøye ønskjer at kunstverket skal vere ein honnør til alle dei som har vore med og skapt sykkylvssamfunnet, og at det skal vere med å inspirere til innsats for framtidig utvikling av lokalsamfunnet.
Kjelde
- Historikar Eldar Høidal i samtale med kunstnaren Kjell Gunnar Overøye.