Skiens Håndverkerforening

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Artikkel i Aftenposten om foreninga sitt 25-års jubileum.

Skiens Håndverkerforening vart stifta i 1846, men gjekk inn kring 1850 og deretter starta opp att i 1879.

Historikk

Då dei gamle handverkslauga i Telemark vart oppheva, fann handverkarane nye måtar å organisere seg på. I kanselliråd B. H. Løvenskiold si framstilling av handverkarane i Skien i 1780 går det fram at 78 personar var handverkarar i Skien dette året. Dette tilsvarte fire prosent av befolkninga.[1] Dei fleste stod tilslutta eigne laug i byen, medan gullsmedane stod tilslutta lauga i Christiania.

Som ein reaksjon på at lauga vart borte, vart Skiens Håndverkerforening stifta av P. Feilberg i 1846. Foreninga gjekk inn berre nokre år seinare, men hadde allereie rukke å stifte ei sangforening som opptrådte offentleg, og ei sparekasse.

15. april 1879 gjenoppstod Skiens Håndverkerforening. Gullsmed Andreas Larsen Schøien (1817-1912) var ein av stiftarane, og P. Feilberg vart samstundes utnemnt som æresmedlem.[2]

Det var Skiens Håndverkerforening som tok initiativ til Telemark fylkes handelsstevne som vart ein fast årleg institusjon fram til krigen braut kontinuiteten.[3] Foreninga dreiv elles med opplysning gjennom foredrag og diskusjonar.

Håndverkerforeninga i Skien var den største i Telemark kring 1950. Då hadde den 112 medlemar.[4] Foreninga hadde sin eigen bygård nytta til utleige til arrangement.

Kjelder

  • Borchsenius, J., Skien før branden 1886, Oslo : Fabritius & sønners forlag, 1934.Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Eksterne lenker

  • Skien Handverk og Industriforening si heimeside.

Referansar

  1. Sætherskar (red.), 1949, s. 170.
  2. Borchsenius, 1934, s. 109.
  3. Sætherskar (red.), 1949, s. 172.
  4. Sætherskar (red.), 1949, s. 171.