Skiens Meieribolag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skiens Meieribolag.

Skiens Meieribolag blei stifta i 1897 av bønder frå Gjerpen, Solum, Siljan og Mælum. Meieriet var det største i Telemark, og i 1939 produserte det heile 8 mill. kg. mjølk.[1] Meieriet låg i Henrik Ibsens gate 5 i Skien, og hadde også filialar i Duestien 3 og Blekebakveien 36.

Historikk

Før Skiens Meieribolag blei stifta eksisterte det fire meieri i Skien, m.a. Solum Meieribolag (stifta 1878). I 1897 slo desse seg saman, og stiftinga vert rekna til 29. november.

Kring 1950 hadde meieribolaget eit styre på seks medlemar. Desse var Erik A. Ballestad, formann, Håkon Wærstad, nestformann, Isak B. Isaksen, Eivind Vale, Solve Øverbø og Knut Tovslid. Attmed desse fanst det eit representantskap på tjuge medlemar. Bestyrarer i meieribolaget var Th. Braathen.

Tomta til meieriet vart på 3 300 m2. I 1927 fekk ein installert eit kondenseringsanlegg til framstilling av kondensert mjølk - "Tele-Melk". Fabrikasjonen av denne mjølka opphøyrde under okkupasjonen. Ein fekk kjøpt eit flaskeanlegg frå København som vart installert i 1937.

Fram til 1950 vart 1939 rekna for toppåret for produksjonen ved meieribolaget. Då vart det produsert heile 8 mill. kg. mjølk. Av dette vart 40 prosent solgt som konsum, medan resten vart nytta til produksjon av smør, forskjellige ostar og kondensering. På denne tida sysselsatte verksemda 34 arbeidarar.

Kjelder

Logo til Skiens Meieribolag.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 684