Skiens nye såpefabrikk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skiens nye såpefabrikk blei starta som eit aksjeselskap i juni 1939. Fabrikken låg i Asbjørnsens gate 11 i Skien. Fabrikken produserte grønnsåpe, vaskepulver, barbersåpe, hushaldningssåpe, flytande såpe, kremar, hud- og hårvatn. Fabrikken leverte varer til heile Sør-Noreg. Kring 1950 var Fr. Collett disponent ved fabrikken. I styret sat elles grosserer Olav Skaare (formann) og overrettsaksførar Alf Wærstad.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.