Skredes hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skredes hotell på gamalt postkort.

Skredes hotell vart starta i 1909 av syskena Olav, Margit og Signe Skrede. I 2019 vert verksemda kalla "Fyresdal Bed & Breakfast" og ligg i Lensmannsgata 5 i Fyresdal kommune.

Historikk

Skredes hotell
Foto: Norske næringsliv : Telemark, 1949

Ækra-Våland (Fyresdal gnr. 37/5,fnr. 4) er kome frå Århus (Fyresdal gnr. 37/1). Fyrste leigekontrakten er frå 1887 på eit stykke som heitte Ækra. Tomta vart utvida i 1893 og det heile vart seinare kalla Våland. Huset som vart sett opp i 1887 kom frå plassen Neset under Vik Søndre (Fyresdal gnr.3/1).

Urmakar Knut K. Skrede (Høyland) sette opp bygningen i 1887. Då heitte det "Ækra" eller "Våland" her. Frå gamalt vart visstnok denne ekra nytta som danseplass for ungdomen. Bygningen vart påbygd og modernisert av same mann i 1910.[1] Knut var gift med Bergit, og saman fekk dei ti born. Det var dei tre borna Olav, Margit og Signe som overtok bygningen etter foreldra. Olav dreiv hovudsakleg som urmakar, medan systrane Margit og Signe dreiv hotellet og telefonsentralen som var lagt til hotellet. Ifylgje Astrid Synnøve Ormtveit kom drifta i gang i 1909[2], medan det står opplyst at det har vore hotelldrift her "frå eldgammel tid" i Telemark fylkesleksikon.[3]

I 1930-åra kom det ei ny lov som sa at overnattingsstader måtte oppfylle ein viss standard og innehalde eitt visst antall rom for å kunne nytte "hotell" i namnet. Skredes hotell oppfylte ikkje desse krava, og namnet blei endra til "Turistheimen".[4]

Det har vore forskjellige folk som har eigd og drive hotellet etter dette. Blandt desse er Ragnhild og Ånund Skrede, Valle, Steira, Grande og Røynås. I 1985 kjøpte Ragnhild Berge og Torgeir Dahl hotellet og dreiv alderspensjonat, kafé og restaurant fram til 1990.[5] Ei tid blei hotellet kalla "Fyresdal Vertshus".

I 2004 kjøpte Joke og Ron Petrych bygningen og pussa den opp. Sidan har dei drive "Fyresdal Bed & Breakfast" med både servering og overnatting.

Biletgalleri

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 768.
  2. Ormtveit, 1998, s. 88.
  3. Sætherskar, 1949, s. 768.
  4. Ormtveit, 1998, s. 88.
  5. Etter samtale med Ragnhild Skrede.

Kjelder

  • Heimesida til Fyresdal Bed & Breakfast.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards-og ættesoge. Bind II. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid Synnøve, Banken og bygda gjennom 100 år, Fyresdal, Sparebanken Sør Fyresdal, 1998. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 2009. s. 5,33
  • Samtale med Ragnhild Berge.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4, Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal med bilæte. Andre utgåva. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo 1949 s. 87