Slåkånuten (veg i Hjartdal)
Slåkånuten i Sauland i Hjartdal kommune er ein hytteveg med forgreininger som går nordover frå Slåkåvegen. Hyttegrenda ligg nord for Slåkåvatnet i lia opp mot Blåtjønnfjellet.
På stulseigedomen Slåkja, gnr. 80/7 er det sett opp 59 hytter, dei fleste i 1980-åra. 44 av desse ligg til vegen Slåkånuten. Vegen blei namnsett i 2011 og har namn etter den 1260 meter høge Slåkånuten som ligg nordvest for vegen.
Se også
Kilder
- Kommunekart: Slåkånuten
- Kleveland Karlsrud, Gjertrud: Hjartdalssoga, gard og ætt, band 2, Sauland. Hjartdal kommune 1992.
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf