Slettefjellvegen (Hjartdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Slettefjellvegen er ein del av den gamle stulsvegen som gjekk frå Fossegrenda i Sauland til stulsområdet Mjellefet/Slåkja i Slåkådalen. Slettefjellvegen er om lag siste 2/3 av denne strekningen.

Ei gruppe innan Hjartdal historielag rydda og merka gamle ferdselsvegar i Sauland kring 2010, og Slettefjellvegen var ein av desse. Vegen er slik merka, og startar frå skogsbilvegen (Himingvegen) ca. 200 m frå stulsgrenda Kringlemyr i retning Sauland. Herifrå gjeng vegen forbi Listulen, opp det lange Sauarskåtet, og vidare mot vest innunder Himing og Slettefjell. Her er det fin utsikt mot Slåkådalen og Heksfjell i nord, og mot Slåkånuten og Mælefjell i nord-vest.

Etter Sauarskåtet stig vegen gradvis frå ca 500 til 700 m. fram mot Mjellefethaugen. Her gjeng den merka vegen ca 1 km. ned til stulane ved Mjellefet, mens ein umerka og delvis attgrodd sti gjeng vidare mot sør-vest inn til stulane lenger inn i Lifjell.

Ved Mjellefet kjem ein inn på bilvegen mot Slåkja, men den gamle stien vidare til Slåkåstulen er også her merka parallelt med bilvegen. Normal gangtid er rundt 4 timar til Mjellefet, og ein god halvtime ekstra heilt til Slåkja.

Vegen er lagt inn på Turkart Sauland.

Kjelder