Slyngefabrikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Slyngefabrikken (P D Stafseth) var ein fabrikk for produksjon av fiskeredskap som kjensler og forsyn. Fabrikkenvart starta i 1874 av P. D. Stafseth og brødrene Kraasby. Fabrikken låg på vestsida av Gamleelva i Spjelkavika. Maskinene vart då drivne av elvakraft, og var nokre av dei første maskinene som avløyste den manuelle produksjonen av kjensler som vart utført i heimane. I 1896 vart det og installert ein dynamo kobla direkte på vasshjulet som gav elektrisk lys i lokala. Fabrikken var ein av dei største kvinnelege industriarbeidsplassane i Borgund kommune. Fabrikken vart overtatt av H.P Mittet i 1934. I 1962 brann fabrikken ned i ein av dei mange brannane som ramma fiskeredskapbygga Spjelkavika i 1961 og 1962. I tillegg til fabrikken vart det og bygd bestyrarbolig.

Kjelder

Koordinater: 62.46191° N 6.36075° Ø