Snarkjøp Ikornnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

AS Snarkjøp på Ikornnes vart skipa i 1964. Olav Jarnes var formann i styret i 1975, då Per Jarle Jarnes overtok. Dagleg leiar første tida var Anny Jarnes, men frå 1972 overtok Per Jarle Jarnes også dette vervet.

Forretninga, som var den første sjølvhjelpsbutikken i kommunen, har utvida fleire gonger.

I 1982 vart det skipa eit eigedomsselskap, A/S Jaro, som kjøpte forretningsbygget. Dette firmaet gjennomførte tidleg i 80-åra ei omfattande utviding og modernisering av lokala, som då fekk eit samla areal på 675 m2. Ei ny utviding skjedde kring 2010. Butikken har vokse i takt med næringslivet og folketalet i Ikornneskrinsen der møbelkonsernet Ekornes ASA er det store lokomotivet.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.