Sogn lærarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaus Dahle, her med kona Brita utanfor Mundal Hotel i 1929, var den fyrste leiaren i laget.
Foto: Ukjend

Sogn lærarlag var eit krinslag i Norges lærerforening (seinare Norsk lærarlag). Laget vart skipa på eit lærarmøte i Balestrand 27. august 1896 og gjekk inn i Sogn og Fjordane lærarlag frå 1. januar 1967. Lærarane i Sogn hadde møttest jamleg sidan 1869, men det var fyrst etter skipinga av Norges lærerforening i 1892 at det kom i stand ei fastare fagforeiningsorganisering mellom lærarar utover i landet.

Alt på skipingsmøtet i 1896 vart det vedteke mot berre 2 røyster at lovene for laget skulle skrivast på landsmål. Sogn lærarlag vart frå skipinga heilt sentral i målreisinga i Sogn.

Det fyrste lærarmøtet i Sogn var i 1869, og det vart gjerne skipa til prostilærarmøte med nokre års mellomrom med Sogns lærerforening som tilskipar. Det var eit lærarmøte i Sogndal i 1872 og eitt i Skjolden i 1880 der målsaka vart drøfta. Ved minst to høve vart det halde amtslærarmøte: I Førde 1881 og i Vadheim 1884. Det finst ofte omfattande avisreferat frå prosti- og amtslærarmøta, men ingen protokoll.

Formenn

Litteratur

  • Nesse, Oskar: Sogn lærarlag. 1896-1966. Bergen 1966.
  • Firda og Sogn lærarlag gjennom 100 år. Jubileumsskrift for Norsk lærarlag Sogn og Fjordane 1896-1996. Florø 1996.