Solbakken (Sandnes gnr. 98/12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Sted: Riska
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 98
Bnr: 12
Type: gardsbruk
Adresse: Bersagelveien 426

Solbakken gnr. 98 bnr. 12 er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 34/12. Eiendommen ble utskilt fra gnr. 98/1 tinglest 25. november 1899. Areal i 1899 i mark-øre 0-60[1].

Brukarar

66. Lars Kristoffersen Eltervaag,

f. 1868, d. 1943. Son til Kristoffer Larsen Eltarvåg (nr 61).

Den fyrste tida etter han gifta seg budde han på Eltarvåg og var arbeidsmann (nemnt 1890 og 1 892). Men så kom han med i gardsdrifta på mora sin part av garden, og i 1894 og ut-igjennom blir han kalt "Gaardbruger" . 1 1 899 delte han og mora den parten ho hadde, og dei delte og det gamle gårdshuset. Etter at kona var død selde Lars gardsbruket sitt i 1916. Han flytta så over til Uskjo der systrene og mora budde. Men så gifta han seg med ei enkja på Eltarvåg og kom tilbake her til (sml nr 73). Han og den nye kona blei separerte etter ei stund og Lars flytta bort til Uskjo igjen. Der budde han hos mora og stefaren (sml Folk i bygda-269). Sidan budde han i Stavanger (på Blåsenborg) og arbeidde i parkvesenet. Dei siste åra budde han på gamleheimen på Hommersåk.

G.m. 1) 1890 Marta Larsdtr., f. 1873, d. 1915, dotter til Ingeborg Tjerandsdtr. frå Tona under Skiftun i Hjelmeland, og Lars Bergesen Sandvikjå under Tøtland i Hjelmeland. Mora, Ingeborg, blei gift med Kjel Monsen Lauvås (sml Lauvås-33).

2) 1916 enkja Karen Østensdtr., f. 1869, d. 1930, dotter til Østen Knutsen Lauvåsvågjen (Lauvås -49). Ho hadde før vore gift med Jakob Andreasen (nr 73).

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Inga Kristina, f. 1890
  2. Kristoffer, f. 1892, d. 1906
  3. Ingvald Olaus, f. 1 894, reiste til Amerika, g.m. 1) Gitlesen, 2) Nelly Meland (sml nr 67.g)
  4. Martine Larsine, f. 1897, død ung
  5. Leonhard Malfred, f. 1899, d. 1914
  6. Ingeborg Østine, f. 1902
  7. Eleonora Kristofa, f. 1904, reiste til Amerika, gift
  8. Kristoffer, f. 1906, d. 1913
  9. Inger Kristina, f. 1911
  10. Kristoffer, f. 1913.

67. Nils Sjursen Meland.

Son til Sjur Nilsen Meland i Etne, Sunnhordland.

Han var utdanna smed og arbeidde fyrst på jernbanen. Sidan blei han tilsett ved Tangens gardinfabrikk i Bergen og der arbeidde han i fleire år. Til å begynna med budde dei i Bergen, sidan flytta dei ut til Eidsvåg i Åsane der dei hadde eit gardsbruk. Så kom dei her til bygda, og han hadde gard på Skjørestad nokre år (Skjørestad-55). Etterpå hadde han dette gardsbruket på Eltarvåg i tida 1916-1919. Så flytta dei til Hana, og etter på til Bergen igjen.

G.m. Karina Adland, f. 1866, d. 1961, dotter til Tomas Ådland i Samnanger, Midthordland.

Barn:

  1. Sjur, f. ca 1890, budde i Minneapolis, USA, han monterte bensinpumper, g.m. Rose
  2. Tomas, typograf, budde ei tid i Tyskland, sidan i Oslo, gift
  3. Bernt, f. ca 1892, budde i Michigan, USA, han var fyrst fysioterapeut, sidan arbeidde han som elektrikar, g.m. Rut Olsen
  4. Elisabeth, f. 1894, g.m. 1918 Sigval Eltervaag (nr 99)
  5. Sven, død eit par dagar gammal
  6. Klara, død 17-18 år gammal
  7. Nelly, g.m. 1) Ingvald Eltervaag, budde i Amerika (sml nr 66.c), 2) enkjemann Willi Petee, budde i Amerika, arbeidde på hospital
  8. Lars, død 6 år gammal (mens dei budde på Skjørestad).

68. Samuel O. Eltervaag,

f. 1860, d. 1956. Son til Ola Olsen Lauvåsvågjen (Lauvås-48).

Samuel var lenge i Amerika (i Illinois). Han kom heim omlag 50 år gammal og blei gift med ei ung enkja. I 1919 kjøpte han dette gardsbruket på Eltarvåg då Meland reiste her ifrå.

G.m. 1917 enkja Anna Eltervåg, f. 1896,d. 1978, dotter til Kornelius Vier på Rese (nr 88). Ho hadde vore gift med Gabriel Eltervåg som omkom i 1916 (nr 77).

Barn:

  1. Selmer, f. 1919, d. 1973, møllearbeidar, bonde på Eltarvjg, g.m. Emma
  2. Kornelius, f. 1920, driv boss-container-firma, bur i Stavanger, g.m. Valborg Eriksen
  3. Margit, f. 1922, g.m. 1942 Kristian Lilleland, bonde på Litlaland i Sola
  4. Anne Synnøve, f. 1924, g.m. Gunnar Snellingen, stasjonsmeister
  5. Otilie, f. 1927, g.m. Lars Frøyland, fengselsbetjent, budde på Frøyland (Folk i bygda-435)
  6. Ruth Olava, f. 1928, g.m. Ralph Rettedal malar, bur i Amerika
  7. Astrid, f. 1932, g.m. Johan Johnsen, røyrleggar, bur på Vatne
  8. Sverre, f. 1934, d. 1992.

Litteratur og kjelder

Referansar