Solveig Sandberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Solveig Sandberg (fødd 1951 i Asker) er gardbrukar og lærar.

Solveig Sandberg vaks opp i Asker, men budde på garden Midtre Vøllo i Heggenes i delar av oppveksten da mor hennar var odelsjente og var med og dreiv garden.

Ho vart tidleg nysgjerrig på korleis livet var i Øystre Slidre i gamal tid, og tok alt som ungdom til å intervjue besteforeldre og andre eldre folk i bygda. Den lokal-og kulturhistoriske interessa fekk ytterlegare tyngde ved at ho valde å studere fag som folkeminnevitskap, norsk og historie, før ho utdanna seg til lærar.

I 1982 flytte ho til Valdres for godt, og arbeidde eitt par år som lærar ved Øystre Slidre barne- og ungdomsskule, før ho gav seg i kast med gardsarbeidet på heil tid.

Faren, Magnus Sandberg, etablerte Fjellbygdakademiet og restaurerte Liastølen på Beitostølen i byrjinga av 2000-talet og til han døydde i 2010. Solveig overtok dette stølsmiljøet etter faren, og ho har vidareutvikla Liastølen til ein stad for yrande kulturhistorisk formidling heile sommaren i gjennom.

I 2005 kom boka Trådar mellom himmel og jord: ein studie av messehaklar i Valdres som ho skreiv i lag med Solveig Rydland, og ho var medforfattar av boka Hegge stavkyrkje 800 år, som kom i 2016.

Solveig har og vore bidragsyter i Før i ti'n, ei lokalhistorisk fotobok frå Øystre Slidre. Ho har vore aktiv i Øystre Slidre historielag i mange år, leiar i Heggebø bondekvinnelag i 10 år og soknerådsleiar i Hegge sokneråd ein periode. Dessuten har mange norskamerikanarar på leiting etter røtene sine i kommunen, fått hjelp av Solveig.



Bibliografi

  • Trådar mellom himmel og jord : ein studie av messehaklar i Valdres. (Medforfattar). 2005.
  • Hegge stavkyrkje 800 år. Medforfattar. (Medforfattar). Hegge sokneråd, 2016

Prisar

  • Øystre Slidre kommunes kulturpris 2017.

Kjelder

Sjå også