Solvorn skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tomta der gamle Solvorn skule sto.
Foto: Victor Thunestvedt/Vestland fylkeskommune

Solvorn skule var frå 1910 til 1982 skulehuset for Solvorn krins i Hafslo.

Skulehuset

Solvorn skule vart bygd i 1910 etter at foreldra på Solvorn ikkje ville senda ungane sine på den gamle skulen på Bjørnathun grunna tilstanden på bygget. I 1914 vart det reist ein bautastein til minne om Solvorn-gutane som reiste i krig i 1814 mot svenskane. Bautasteinen er flytta til nye Solvorn skule og samfunnshus.

Andre bruksområde

Når bygget stod vart det brukt som eit samlingspunkt der det vart arrangert blant anna basar og juletrefest. Bygget vart revet ned rundt 1980 talet i forbindelse med byggjinga av nye skulen i 1982, og det er no bygd private bustader på tomta.

Kjelder og litteratur

Ikkje-prenta kjelder

Intervju med Svein Solheim, Leiar i Hafslo sogalag

Intervju med Arne Kvalen, tidlegare elev og medlem av Hafslo sogalag

Koordinater: 61.300527° N 7.242336° Ø