Sotrabrua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brosjyre for bygging av Sotrabrua.

Sotrabrua er ei hengebru som bind saman øya Litlesotra og fastlandet i Hordaland samt ein del av riksveg 555.

Frem til opninga av brua i 1972 vart det kun ei ferge som kopla Litlesotra med fastlandet. Dette førte til dårlige pendleforhold, dårlige arbeidsmuligheiter i lokalsamfunnet, og til at øya vart prega av mye fråflytting. Interessa for å bygge ei bru vart difor stor allereie på 1950-talet, og førte til at det i 1965 blei oppretta ei interkommunal brunemnd kalt Sotrabrua AS.

Sotrabrua AS vert leia av eit styre på 10 medlemmer. Til formann valde styre Ingvald Ulveseth og til varaformann Mons Lid. Selskapet benytta kommuneadministrasjonen i dåverande Fjell kommune som administrasjonskontor, og vart registrert i Handelsregisteret 12. januar 1966.

Opning av Sotrabrua

Sotrabrua sto ferdigstilt i desember 1971, og vart da rekna som Noregs lengste bru. Det vart straks mykje ferdsel over brua, somme hadde truleg utsett julehandelen i Bergen til dess brua vart opna. Bompengeinntektene for den attvarande delen av desember 1971 kom opp i 283 680 kr. I februar 1972 vart det registrert dobbelt så mange bilpasseringar over brua som vart med ferja i februar 1971. Dette lova godt for bruselskapet. Den offisielle opninga av brua vart ikkje før 25. mai 1972. Dette skyldes at Kong Olav V på dette tidspunktet oppheldt seg i Bergen, og at han hadde høve til å føreta opninga av brua på dette tidspunktet.

Avvikling av bruselskapet Sotrabrua AS

Til saman kosta brua omlag 40 millioner kroner å bygge. Av dei 40 millionanen blei ca.23,5 millionar kroner dekkav bompengear som vart krevd frem til 1983. Resten av låneskulda vart betalt i 1985, det var dekking for løyvingar og andre skyldnader, og det var på det reine at bruselskapet ikkje kom til å engasjere seg i nye prosjekter. Allereie i 1986 gjorde generalforsamlinga vedtak om at arbeidsutvalet skulle førebu oppløysing av bruselskapet, med sikte på at saka kunne takast opp til avgjerd våren 1986. Sotrabrua AS blei oppløyst 17. november 1988.

Brusambandet sin verknad på samfunnsstruktur og næringsliv

Då det vart teke opp arbeid for eit brusamband til fastlandet, vart det straks tilflyttingsoverskot som auka med åra. I perioden 1960 til 1989 økte befolkninga i Fjell frå 5 452 til 14 370, og i Sund frå 3 092 til 4 980. Aukninga i antall befolkning førte til at det oppstod nye bustadsfelt, og mest konsentrert vart det på Litlesotra. Det blei bygga ein barneskule nord for Knarvik, og det blei flytta industri til området.

Arkivet vart ordna ved Interkommunalt arkiv i Hordaland våren 2019, og befinner seg i deira arkivdepot.

Kjelder og litteratur

Arkivportalen, om Sotrabrua AS