St. Jetmundkyrkja på Åheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Jetmundkyrkja
Foto: Vanylven kommune

St. Jetmundkyrkja på Åheim i Vanylven er ei rekonstruert steinkyrkje. Opphavleg stod det på same stad ei steinkyrkje som truleg var bygd midt på 1100-talet. Ho var soknekyrkje i Vanylven prestegjeld fram til 1860-åra, og vart òg nytta av folk frå Stadlandet og Kjødepollen i Selje kommune. Kyrkje fekk da eit tilbygg av tre på vestsida, kalla «pollakyrkja».

Kyrkja har namnet etter den engelske helgenkåra kongen Edmund (død 870 evt.). På Vestlandet fekk namnet forma Jetmund, som òg vore nokså vanleg på Søre Sunnmøre i nyare tid. Ein veit berre om to Jetmund-kyrkjer i Noreg, den andre er på Oppdal.

Med den nye kyrkjelova frå 1851, som innførte krav om at soknekyrkjene skulle ha plass til ein tredjedel av soknefolket, vart kyrkja for lita. Ho låg òg ulagleg til for folket lenger nord i soknet, så i 1863 vart ho riven ned og erstatta av ei ny kyrkje på Slagnes. Steinen vart nytta i andre bygningar og på kyrkjegarden stod det berre att restar av grunnmuren.

Oppattbygginga starta i 1930-åra, og i 1957 vart kyrkja nyinnvigsla. Grunnflata i skipet er 12 x 8 meter utvendig mål, medan koret er 5 x 5 meter. Murane er 1,5 meter tjukke. Kyrkja er bygd i rundbogestil (romansk). Altarbildet, som er ført attende frå Slagneskyrkja, er eit utskore relieff som viser jomfru Maria, den døde Jesus og fire sørgjande. Det er truleg frå 1400-talet. Det er truleg òg preikestolen, som òg stod i Slagneskyrkja.

Bilde frå St. Jetmundkyrkja

Kjelder

  • Oppslag ved kyrkja 2010
  • Ekroll, Øystein 2012: Sunnmørskyrkjene – historie, kunst og aktitektur. Bla AS, Larsnes, s. 139ff.

Eksterne lenkjer

Koordinater: 62.039874° N 5.519126° Ø