Stein Sigurdsen Haakanes

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Stein S. Haakanes»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stein S. Haakanes (fødd 20. desember 1873 i Tinn, død 19. januar 1957) var lærar, kyrkjesongar og bonde i Tinn i Telemark.

Han var son av bonde Sigurd K. Haakanes og Anne. Stein Haakanes tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1898.

Som nyutdanna fekk han hausten 1898 eit vikariat som lærar ved Mærum-Ulleren skule, samstundes som han skulle vere kyrkjesongar ved Atrå kyrkje. Alt året etter vart Haakanes fast tilsett, og han sat truleg i den kombinerte lærar- og klokkarstillinga til han gjekk av med pensjon. Då han hadde vore tilsett i 25 år, fekk han ein stor sylvbolle av Tinn skulestyre. Attåt arbeidet som lærar var han bonde på Nørstegard (gnr. 90, bnr. 1).

Stein Haakanes hadde fleire kommunale ombud. Han sat ni år som medlem av vergerådet og var med i likningsnemnda i tre år, inkludert eit år som formann.

Haakanes vart gift med Signe Gunulfsdotter Rue (1890-1978), dotter av bonde Gunulf Rue og Margit. Stein og Signe Haakanes fekk fire born, to søner og to døtrer. Ekteparet er gravlagt ved Atrå kyrkje.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer