Stigfjellvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stigfjellvegen sett nedover mot garden Strand nedre (gnr. 7/1).
Foto: Roy Olsen (2018).

Stigfjellvegen i Seljord kommune slyngjer seg i bratt lende nordover frå Manheimstrondi. Etter ein dryg km går han forbi gardane Strond nedre og Strond øvre. Her går ei sidegrein austover til dei tre gardane Rugtveit Nordigard, Mittgard og Sudigard. Frå Strond går vegen vidare oppover omlag halvannan km til garden Manheim, og herifrå vidare på sørsida av Lifjell drygt seks km aust, over Stigfjellet, til stølen Engnos som ligg på 708 m.o.h.

Vegen utanom sidegreinene er kring 9,5 km lang, er utan fast dekke og har ei stigning på 560 m. Han har namn etter Stigfjellet og går for det meste gjennom skog.

Ved Langemyrklomri går ein sti kring 500 m austover til Ballongfararsteinen, eit minnesmerke over ei uvanleg hending. Her enda ferda for dei to franskmennene Léon Bézier og Paul Rolier som kom med luftballong frå eit beleira Paris november 1870. Planen var at dei skulle lande like utenfor Paris, men ferda endte på Lifjell.

Kjelder


Koordinater: 59.44864° N 8.74356° Ø