Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1900

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1900 førte til full utskifting av stortingsbenken til amtet etter at Venstre vann valet med knapp margin. Dei moderate kreftene hadde dominert stortingsvala i amtet i fleire tiår, i 1870- og 80-åra gjennom å velje representantar frå den moderate fløya i venstrealliansen, og frå 1888 gjennom ein allianse mellom partia Moderate Venstre og Høgre som heldt reine Venstre heilt utanfor. Høgre/Moderate vann det neste valet (1903), så då vart alle representantar og suppleantar bytte ut att.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Kommune Parti
1. representant Gaardbr. Sigmund K. Aarnæs Stryn Venstre
2. representant Gaardbr. Lasse Trædal Brekke Venstre
3. representant Gaardbr. Sjur T. Næss Luster Venstre
4. representant Gaardbr. Rasmus P. Sindre Innvik Venstre
5. representant Gaardbr. David O. Bakke Fjaler Venstre
1. suppleant Gaardbr. Jakob J. Myklebust Breim Venstre
2. suppleant Kirkesanger Andreas B. Vamraak Kyrkjebø Venstre
3. suppleant Kirkesanger Apollonius Liljedahl Johannesson Rosenlund Davik Venstre
4. suppleant Gaardbr. Olav D. Bjørkum Lærdal Venstre
5. suppleant Gaardbr. Kristoffer P. Indrehus Bremanger Venstre

Valet

Valet vart halde i Førde 26. september 1900 med 201 valmenn tilstades. 103 tilhøyrde Venstre og 98 Moderate Venstre og Høgre.

Dei fem representantane, alle frå Venstre, vart valde med 102 røyster. Kandidatane til Høgre/Moderate Venstre var identisk med stortingsbenken til amtet i førre periode med eitt unntak (1. suppleant Lieske i staden for Strømme). Kandiatane var K. Taraldset (98 røyster), Fr. Fraas (97), Gjert Holsen (97), J. Lieske (94) og Anfinn Refsdal (94).

1. og 2. suppleant vart valde med særskilde val. Venstre sine kandidatar vart valde med 101 røyster. Høgre/Moderate sine kandidatar var O. C. Schreuder (97 røyster) og A. O. Listan (97).

3.-5. suppleant vart valde samla. Dei tre som vart valde frå Venstre, fekk 102, 102 og 101 røyster. Dermed måtte det omval til mellom 3. og 4. suppleant, og Rosenlund fekk då 109 mot Bjørkum 92. Høgre/Moderate sine kandiatar var Jakob Lothe (98 røyster), G. B. Thorne (97) og Ole O. Døskeland (96).

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1900-01, 1901-02 og 1902-03.

Kjelder

  • Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
  • Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 2. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 562-563. (Digital utgåve, NBdigital).
  • Øvre-Eide, Rasmus. (1973). Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Sandane: Nordfjord sogelag, s. 77-80.