Strandpromenaden, Almerkeparken og skysshesten (Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjøen var lenge hovudvegen til Odda. Turistane kom med båt, varene kom med båt og folk kom og reiste med båt. Og her låg det legendariske Hotel Hardanger.

På slutten av 1800-talet var deler av dette området mellom Torget og kyrkja hagen og fjøra framfor Hotel Hardanger. På fine sommardagar var det populært å sitja her og nyta utsikten til Tokheimsnuten og sjøen. Heilt frå 1850 var det hotelldrift her, først Monsens hotell, så Vetrhus hotell og frå 1882 Hotel Hardanger. Monsen dreiv og landhandel og sett opp eit stort sjøhus som rauk med i den store hotellbrannen i 1895.

Frå drakestilhotell til rådhus og helsestasjon

Det kjende store trebygget i sveitser- og drakestil, Hotel Hardanger, blei så bygd i 1896. Men etter at industrien starta opp og la røykteppet over Odda, kjekk hotellet konkurs og Odda kommune tok bygget i bruk som rådhus med vidare og bygde kaianlegg for fraktbåtar. Fram til slutten av 1950-åra då dagens rådhus sto ferdig, var her mange offentlege kontor, kino, vidaregåande skule, lækjarkontor med meir. I sjøfløyen låg Odda mødrehygienekontor som dei moderne kvinnene i Odda opna alt i 1932.

Lager og godsterminal

I underetasjen mot sjøen var det lager for firma som hadde nytte av å liggja ved kaien. Kaiområdet blei etter kvart meir ei bakside enn ei framside i Odda. Trafikken som gjekk her var svært praktisk retta og ikkje tilpassa reiseliv og trivsel. Kaien er bygd for lastebåtar og avstanden frå kaikanten til sjøen måtte ha høgde. Den siste tida var bygget svært dårleg halde og i den siste perioden dura truckane rundt i godsterminalen mellom treskjering og søyler under glasstaket i rotunden.

Eit kaiområde kan vera både vennleg og uvennleg for folk

Tredekket som no er lagt på kaikanten og den nedsenka gangbrua gjer at vi kan oppleva sjøen på ein anna måte. No er området tilpassa fotgjengarar og småbåtar og det er benker til å slå seg ned på. Husrekka bak er derimot ikkje planlagt med tanke på å opplevast positiv frå sjøen.

Oppstillingsplassen for bussar og drosjar i Odda har variert gjennom åra. Rutebåtane har bruka ulike kaiar, vegane er lagt om og område har skifta karakter. I mange år sto bussar og drosjar oppstilt på Torget, seinare sto bybussane på plassen sør for kyrkja der det no er parkering for privatbilar. Etter mykje diskusjon blei Taxibua blei sett opp ved strandpromenaden i 200?, i nærleiken til buss-stasjonen og sentrum.

Almerkeparken og skysshesten

Etter at det store hotellbygget eller «Gamla rådhuset» var endeleg rive og fjerna i 1978, bygde Odda kommune opp Almerkeparken på området. Dei fine steinmurane er bygde opp av skifer frå Seljestadjuvet ved Røldalsfjellet.

Monumentet Skysshesten av kunstnaren Unni Karlsen er plassert her til minne om den blømande turisttida som hadde prega området i nokre tiår før industrien kom til Odda. Skysshesten blei sett opp og avduka i 1985. Hesten har seletøy for vogn eller karjol, men mange har tatt seg ein «ridetur» på det populære monumentet.