Stølsviken (Sandnes gnr. 98/2)
| Stølsviken | |
|---|---|
| Sted: | Eltravåg |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 98 |
| Bnr: | 2 |
| Type: | gardsbruk |
Stølsviken (gnr. 98, bnr. 2) er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 34/2. Gammalt matrikkelnr. 14 og løpenr. 56b og 57b. Areal i 1886 i mark-øre 0-85.
Brukarar
90. Tore Andreasen,
f. 1831. Son til Andreas Kjelsen, husmann i Stølsvigjå (nr 46). Tore hadde husmannsplassen i Stølsvigjå frå mora døydde i 1861 (nr 50). Som den fyrste av husmennene under garden fekk han kjøpa stykket sitt i 1869. Sidan var han småbrukar her. Tore dreiv mest med fiske, han var notbas. 1 1887 flytta han vekk med familien sin og gardsbruket blei seld.
G.m. Marta Elisabet Olsdtr., f. 1833, dotter til Ola Torgersen Eskjeland i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 92).
Barn:
- Albert, f. 1861
- Ola, f. 1863, ikkje nemnt i 1875
- Marselius, f. 1865
- Elen Maria, f. 1867
- Taletta, f. 1870
- Karl Ingvald, f. 1872
- Magnus Elias, f. 1875
- Inger, f. 1878.
91. Olaus O. Stølsvig,
f. 1851, d. 1937. Son til Ola Olsen Lauvåsvågjen (Lauvås-48).
Han hadde vore på fiske på Island og då var han bas. Olaus var svært god til å segla. Han var "ein spegel til å segla" sa dei gamle. Etter futen sine kassabøker overtok han stykket i Stølsvigjå i 1888, og han sat sidan med det til han døydde. Utanom gardsdrifta fiska han.
G.m. 1880 Rakel Persdtr., f. 1860, d. 1940, dotter til Per Persen Lauvås (Lauvås-70). Ho hadde gardsbruket så lenge ho levde.
Fosterson:
- Oliver, hadde stykket etterpå (sjå nedanfor).
92. Oliver Stølsvig.
Fosterson til Rakel og Olaus O. Stølsvig (sjåovanfor). Oliver hadde gardsbruket etter at Rakel var død, men under krigen sat han på Grini. Han selde stykket i 1946 og har sidan budd i Stavanger. Ikkje gift. Frå 1946 eigde fru Marie Berentsen dette stykket. Ho budde i Stavanger og hadde forpaktarar til å ta seg av småbruket.
93. Thomas Grimsli,
f. 1910. Son til Østen Pedersen Grimslid, småbrukar i Hammaren, Lauvås (Lauvås-46).
Thomas var den fyrste forpaktaren fru Berentsen hadde i Stølsvigjå. Han var her nokre år, men i 1949 bygde han seg hus på Lauvås og sidan budde han der. Då var han betongarbeidar (Folk i bygda-307).
G.m. Jorine Skjæveland, f. 1918, dotter til Samuel Skjæveland, Høyland.
Dei eldste barna deira:
- Audhild, f. 1945
- Sigrund, f. 1947.
94. Sakseide
Han var frå Sandnes. Forpaktar i Stølsvigjå. Var gift og hadde små barn. Sidan reiste han tilbake til Sandnes.
95. Torvald Emil Norheim,
f. 1909[1] på Sjernarøy og døde 1992 i Sola. Forpaktar i Stølsvigjå, nemnt her i 1953.
Sidan fekk han seg eit stykke ved Lassatjærnet i Stavanger.
G.m. Agnes Tvetene, f. 1910 Stavanger.
Barn:
- Marit
- ein son.
96. Lars Rødne,
f. 1923. Son til Lars Rødne, bonde på Ytre Rødne i Imsland.
Ei tid forpaktar i Stølsvigjå. Sidan stålverksarbeidar, busett på Jørpeland.
G.m. (1949 ?) Helene Hebnes, f. 1929.
Barn:
- Lars Johan, f. 1950, d. 1950
- Olaug, f. 1952
- Judith, f. 1954
- Helga, f. 1958.
97. Torkel Tornes,
f. 1904, d.1990.
Son til Nils Tornes, Suldal. Torkel hadde fyrst gard på Tornes i Suldal, og han var også vegarbeidar. Der budde han ennå midt i 1950-åra. Etterpå var han lenge gardsstyrar i Stølsvigjå hos fru Berentsen, nemnt her i 1961 og 1965. Som gammal budde han i Tjødnamyrå, Hommersåk.
G.m. 1944 Klara Valentinsen, f. 1917, dotter til Severin Valentinsen.
Barn:
- Nils, f. 1945
- Svein Harald, f. 1948
- Hans Valtor, f. 1953
- Torhild Karin, f. 1955.
Utskilt fra denne matrikkelenhet etter 1886
Skylddeling tinglest 10. juni 1893, hvorved avgår til Adolf Idsøe gnr. 98/11 "Teistholmene" med skyld 9 øre[2].
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 828-829 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 83-84 i Digitalarkivet