Sullamrei historielag – Øvre Vinje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sullamrei historielag»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sullamrei historielag – Øvre Vinje er eit historielag i Vinje kommune i Telemark. Laget vart stifta 19. mai 1988 som Sullamrei historielag, bytta seinare namn til Øvre Vinje historielag og så til det noverande. Laget har gjeve ut årboka Bygdemellom sidan 1999.

I 2019 hadde historielaget 80 medlemmar. Det har vore eit etter måten stabilt medlemstal.

Leiarar

  • Ragnvald Christenson
  • Sondre O. Bratland
  • Elisabeth Bratland
  • Halvor Hamre
  • Knut Åsheim
  • Knut Tore Bratland
  • Lars O. Gardsteig
  • Ragnvald Christenson

Aktivitet

Som vanleg i lagsarbeid har det vore vekslande aktivitet i laget. Historielaget starta opp med å få laga kopier av økonomiske kart for området sitt, for å samle stadnamn. Dette har vore ein vekslande aktivitet som til no (2019) ikke har gjeve noko direkte resultat. Men Språkrådet har starta opp eit prosjekt for heile landet der historielaga i Vinje kommune er med.

Den andre grunnen til at historielaget vart stifta, var å samle inn lokalhistorie og gje ut stoffet i årbøker. I samband med dette har laget også registrert og skanna ein god del lokale bilete. Laget har eit samarbeid med Edland skule, der det er nokre elevar som har det som ein del av opplæringa å skanne gamle fotografi.

Laget tok inititativ til eit samarbeid med dei andre historielaga mellom Seljord og Røldal, for å få i stand pilegrimsvandring til Røldal kyrkje. Sommaren 2003 vart det fyrste gong skipa til vandring, og etter det har dette funne stad kvar vår.

Publikasjonar

Sidan Øvre Vinje ligg lengst oppe i Telemark, og naturen var enklare vest- og sørover, så hadde folket her like mykje kontakt med Setesdalen og Røldal/Suldal som nedover Telemark. Dette er grunnen til at årboka heiter Bygdemellom, då var den grenselaus. Det vart gjeve ut to av desse årbøkene, den fyrste i 1999 og ei i 2002.

I 1997 ga laget ut boka Krigsår, som fortel om krigshandlingane i distriktet (soknet Grungedal).

Det vart i 2011 gjeve ut ei slektsbok for Øvre Vinje, men på grunn av for mange feil vart den trekt inn.

Aanund Olavson Edland var ein lokal fotograf som var aktiv frå omkring 1900 til 1930. Det er om lag 300 filmar og glassplater etter han, og laget har gjeve ut ein minnealbum som innheld omkring 250 bilete av fotografi av Edland. Boka kom ut som ei markering av historielaget sitt 30-årsjubileum i 2018.

Den kulturhistoriske vegboka Fann eg dei stigar ... (utgjeve 2007) handlar om pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal. Sjå Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer