Sundsodden (veg i Nissedal)
Sundsodden i Kyrkjebygda i Nissedal kommune er ein veg som går vestover frå Nissedalsvegen til ferjestaden ytst på odden. Han er 1,1 kilometer lang og er ein delstrekning av fylkesveg 3380.
Over det 460 meter breie Fjonesundet i Nisser er det kabelferjesamband til Fjone, der fylkesveg 3380 held fram som Fjonevegen. Det er Nissedal kommune som eig og driftar ferja MF «Nissen».
Vegen har namn etter staden og blei namnsett i 2014.
Galleri
Sjå også
Kilder
- Kommunekart:Sundsodden
- Nissedal kommune: Fjoneferja