Susanne Jonsdatter Todal (1660–1701)
Susanne Jonsdatter Todal (fødd ca 1660 i Rødøy, død 1701 i Saltdal) var prestedotter og prestekone i Nordland på slutten av 1600-tallet.
Hun var dotter av Jon Nielsen Todal og hans andre kone Aarsille Krabbe. Faren var sokneprest i Rødøy prestegjeld. Blant hennar søsken var Kirsten Todal.
Hun vart gift i juli 1690 i Rødøy prestegard med Knut Lorentzen Rist som då var kapellan i Saltdal. Nokre kildar oppgjev at Rist var sokneprest i Værøy, men det er sannsynligvis ikkje rett.[1] I Saltdal bodde dei på garden Fiskvåg.
Hun fødde minst 8 barn, men berre tre som vaks opp: Jonas f. 1692, Anna f. 1693 og Lars f. 1694. Susanne døydde i 1701, truleg i barsel.[2]
Referansar
Kjelder
- Sandve, John (red). Slekten Rist. Utg. [s.n.]. Vestvågøy. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
| Artikkelen Susanne Jonsdatter Todal (1660–1701) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |