Svalbardrein

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Svalbardren»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Svalbardrein.
Foto: Per Harald Olsen

Svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus), òg kalla spitsbergenrein, er ein underart av rein som har si naturlige utbreiing på Svalbard. Svalbardreinen skil seg frå den midt- og nordskandinaviske fjellreinen blant anna ved at han er mindre og tettare bygd, ved det korte og relativt runde hovudet, og ved vinterpelsen, som er heilt lys. Nyare forsking viser at svalbardreinen er nærmast i slekt med pearykaribuen frå Nunavut og den utdødde austgrønlandsreinen. Underarten vart freda i 1925, og i 2000 vart bestanden rekna å vera kring 11 000 dyr. I dag (2010-åra) kan folk som er busette på Svalbard drive jakt på svalbardrein, og i underkant av 200 dyr blir felt kvart år.

Utsjånad og levevis

Naturlig bestandsregulering

Svalbardreinen har i praksis ingen naturlige fiendar, ettersom det einaste landpattedyret han i stor grad deler territorium med er den vesentlig mindre fjellreven, medan isbjørnen stort sett held seg i og ved sjøen og berre unntaksvis tek rein.[1] Den viktigaste bestandsregulerande faktoren er tilgang på mat. I år med vekslande mildvêr og snø kan beita låse seg — det vil seie at ein får eitt eller fleire lag av is eller skare som er ugjennomtrengjande for reinen. I løpet av slike vintrar kan mange av dei eldste og yngste dyra svelte ihel.

Utbreiing

Reinen og menneska

Jakt

Forsking

Fotnotar

  1. «Isbjørn» på nettsidene til Norsk Polarinstitutt.

Bibliografi

Lenkjer