Svein Steinsnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Svein Steinsnes (fødd 1898 i Skåre i noverande Haugesund kommune, død 1986 i Haugesund) var advokat. Foreldra var Knut Johan Steinsnes (1869–1931) og Aasa Karina fødd Austrheim (1870–1943). Han gifta seg i 1923 med Elisabeth Saltveit (fødd 1901, død 1988) frå Skåre. Elisabeth var dotter til bonde Jakob Saltveit og Asseline fødd Hagland.

Svein Steinsnes vart cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1922 og hadde eiga advokatforretning i Haugesund frå 1924.

Han var styremedlem i Museums- og historielaget for Haugesund og bygdene heilt frå skipinga i 1925, formann frå 1952. Den gamle bygdekulturen var hovudinteressa hans, og han skreiv fleire kulturhistoriske artiklar i årbøkene frå Haugesund museum.

Bibliografi (utval)

  • Fjordung. I: Maal og Minne. 1920. S. 78.
  • Gamle køyregreidor i Karmsund. I: Museet i Haugesund. 10 års melding 1925–1935. 1935. S. 78–105.
  • Gamle åkerreidskapar i Karmsund. I: Haugesund museum. Årshefte 1935–1945. 1946. S. 47–107.
  • Når kvalen rek til lands. I: Årbok for Karmsund. Årshefte 1951–1955. 1956. S. 68–82.
  • Attersyn. Kyrkjene i Skåre. I: Skåre kirke 1858–1958. 1958. S. 16–40.
  • Klyvje- og ridesalar i Karmsund. Klyvjekassar og torvkassar. Kiper og bårkister. I: Årbok for Karmsund. Årshefte 1956–1960. 1961. S. 25–97.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå Alf Saltveit mars 2018.
  • Studentene fra 1918. 1950.
  • Studentene fra 1918. 1968.