Sykkylven rideklubb

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven rideklubb vart stifta i 9. april 1978. Klubben har i dag rundt 80 medlemmer i alle aldrar fordelt utover bygda. Rideklubben har sitt sentrum hos Nils Gunnar BrunstadHaugset. Her er det rundt 25 stallplassar og moglegheit for utegang. Anlegget har også ei stor ridebane, og det finst mange flotte turmoglegheiter i nærmiljøet.

Dei siste åra har aktiviteten i Sykkylven rideklubb auka. Klubben har fått fleire aktive medlemmer og ikkje minst fleire unge og lovande ryttertalent. Ein til to gonger i året vert det arrangert klubbstevne, som oftast sprang. Fleire gonger har rideklubben hatt Open stall.