Talleiv Olsson Huvestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
T.O.Huvestad. Etter maleri av Mikkel Mandt.
Bauta på grava til Talleiv Huvestad på Eidsborg kyrkjegard.
Foto: Elin Olsen (2013)

Talleiv Olsson Huvestad (født 1761 i Skafså, død 13. juni 1847 i Dalen i Tokke) var gardbrukar, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han vert rekna blant dei fremste av bonderepresentantane på Riksforsamlinga.

Han var son av Olaf Tollefsson Storåsli (1724–1778) og Torbjør Gjermundsdotter Kjestveit (1734–1805), og var fødd på garden Storåsli i Skafså, som no ligg i Tokke kommune. Då faren døydde flytta dei til Dalen i Eidsborg sokn, der mora gifta seg med Vetle Huvestad. Talleiv overtok Huvestad etter stefaren i 1794. Den 7. november 1797 gifta han seg med Gjertud Rasmusdotter Mandt (1778–1845). Paret fekk åtte born, og har stor etterslekt i Norge og USA. Ved folketellinga 1801 budde dei på Huvestad saman med mora og stefaren til Talleiv.

Etter å ha gått i omgangsskulen vart han sjølv ikkje lenge etter konfirmasjonen omgangsskulelærar i nokre år. Han las mykje, og fekk særleg kunnskap om soge, helselære og rettslære. Han verka som rådgjevar for andre bønder, som også sendte sonene sine til han for opplæring. Han var utskiftingsformann i bygda, og skreiv alle slags dokument for dei andre bøndene. Fordi han hadde skaffa seg kunnskap om helselære, verka han også som både dyrlækjar og allmennlækjar. Då koppevaksine vart påbode i 1810 var det dei fleste stader prestane som sto for det, men i Dalen tok Talleiv Huvestad seg av vaksineringa.

Ved valet i Lårdal prestegjeld den 20. mars 1814 vart han vald til valmann saman med Herman Åsmundsson. På amtsforsamlinga vart han så vald som tredje representant frå amtet. Dei andre var amtmann Severin Løvenskiold og justisråd Peder Jørgen Cloumann. Under forhandlingane røysta han med unionspartiet slik også dei andre representantane frå Bratsberg gjorde, medan dei fleste av bonderepresentantane elles røysta med sjølvstendepartiet. Talleiv Huvestad stod saman med bøndene i dei fleste saker, sjølv om han tilhørte unionsflokken. Han var den mest aktive av bøndene under forhandlingane, og bidrog til å sette preg på Grunnlova. Han skal sjølv ha skrive framlegget om styrking av odelsretten, som kom inn i Grunnlova. Framlegga hans om fri sagbruksdrift og sal av benefisert gods fekk ikkje fleirtal. Henrik Wergeland skreiv seinare om Talleiv Huvestad i særs positive vendingar.

I 1818 vart han andre representant frå Bratsberg amt til Stortinget. Han heldt fram med å føre ei kraftfull bondepolitikk. Talleiv Huvestad var medlem av kroningsdeputasjonen til Stockholm i 1818. Han vart også vald som andre varamann til Stortinget i 1821 og 1824.

17. mai 1901 vart det reist ein bauta på grava hans på Eidsborg kyrkjegard, og i 1949 vart det reist minnesmerke i Skafså.

Innkøyrsla til vegen frå Storvegen i Dalen.
Foto: Siri Johannessen (2016)

Vegen som har fått namn etter Huvestad ligg på nordsida av Storvegen (FV 45) og Tokkeåi i Dalen.

Kjelder

Eksterne lenker