Telemark Husflidssentral

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Telemark Husflidssentral blei skipa i 1930 etter opptak frå Telemark Husflid- og Husindustrilag. Forretninga låg i Liegata 2 i Skien.

Varer produsert for Telemark Husflidssentral.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Historikk

Telemark Husflidssentral blei oppretta for å skaffe avsetning for husflidvarer og på den måte fremje husflidarbeidet. Stat og fylke gav 5.000 kr i tilskot til forretninga, og einskilde kommunar i Telemark lova forskotsbetaling til produsentar for sentralen. Forskotsgarantien varierte frå 100 kr til 2.000 kr frå kvar kommune, til saman 10.000-11.000 kr. I tillegg gav Telemark Landbruksselskap eit tilskot på 500 kr. Det var ei føresetnad at ein skulle skaffe godt og ekte husflidarbeid til ein rimeleg pris.

Fyrste året var omsettinga på 23.000 kr.

Frå 1945 heldt sentralen vevkurs.

Kring 1949 var Ingebjørg Aamdal bestyrar av sentralen.

Bunad frå Telemark Husflidssentral
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Publikasjonar

  • Gamal rosemåling frå Telemark, mappe med teikningar av Knut Hovden.
  • Finn Krafft (red.), Gamle skåp frå Telemark, Notodden, 1944. Digital utgåve på bokhylla.
  • Telemarksbunader: nedervde kledeskikkar for menn og kvinner, Oslo, 1955. Digital utgåve på bokhylla.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.