Theodore Slette

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Theodore Slette (fødd 1886 i Wisconsin, USA, død 1985 på Voss) var lektor og ordboksmann. Foreldra var Lars Slette (1855–1921) og Marit Øygard (1859–1892). Dei hadde båe utvandra frå Skjåk.

Theodore tok eksamen artium ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota, i 1913 (naturfaglina med språk). Skuleåret 1913–14 var han elev på Voss folkehøgskule. I 1921 tok han filologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo, med faga norsk, engelsk og historie. Som student var han med i Studentmållaget. Han var medlem i Folkeminnenemnda i laget og var med på det store kurset i bygdehistorie og folkeminnesamling på Hamar sommaren 1919.

I 1921 vart han tilsett som adjunkt ved Voss offentlege landsgymnas, lektor frå 1922. Frå 1946 hadde han permisjon for å arbeide med ei nynorsk-engelsk ordbok, ordboksarbeidet heldt han fram med òg som pensjonist.

Ordboka hans – Norsk-engelsk ordbok – vart utgjeven av Studentmållaget i Oslo i 1977. Boka er på meir enn 1300 sider, og namnet Theodore Slette er uløyseleg knytt til henne.

Han var gift med Anne Valebjørg frå Fyresdal. Dei fekk fire born.

Kjelder og litteratur

  • Johannes Gjerdåker: «Theodore Slette og hans tid på Voss». I: Gamalt frå Voss, 40. Voss 2008.
  • Studentene fra 1913. Oslo 1938.
  • Theodore Slette: Norsk-engelsk ordbok. Oslo 1977.