Thomsen & Eriksen Eft.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Thomsen & Eriksen Eft. vart grunnlagt i Kragerø 1889. Forretninga var ei moteforretning og heldt til i eit lokale som var 120 kvm stort. Det var dei to damene Thomsen og Eriksen som starta forretninga. Då Eriksen døydde i 1913, heldt Thomsen fram som eineinnehavar fram til 1939 då ho også døydde. Deretter overtok Agnes Andersen, som dreiv forretninga i alle fall fram til 1949.

Arkiv

Delar av arkivet etter Thomsen & Eriksen Eft. vert oppbevart ved Berg-Kragerø Museum. Oversikta over arkivet kan studerast på lenka til arkivportalen.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.