Tingvoll kyrkje
Tingvoll kyrkje | |
---|---|
![]() | |
Tingvoll kyrkje. Foto: Arve Holmeide
| |
Sted: | Tingvoll |
Byggeår: | kring 1180 |
Kirkegård: | Det er kyrkjegard ved kyrkja. |
Materiale: | stein |
Mål: | 32 X 23 m |
Tårn: | 1787 - 36m høgt |
Kor: | 9,8 X 9,8 m |
Skip: | 22,2 x 12,8 m |
Prekestol: | 1632 |
Døpefont: | uviss - frå mellom 1400-1600 |
Alter: | 1660 |
Sitteplasser: | 260 |
Tingvoll kyrkje (lokal uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (nominativ/akkusativ) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (dativ)) på Tingvoll på Nordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærheita ligg på eit sentralt plassert sted kalt Tenagelberget på nordsida av Tingvollvågen. Her fantes tidlegare ei stavkyrkje bygd i tre som ble nedbrent under borgerkrigstiden.
I eldre tider var det her truleg ein tingstad og eit hov, og det er difor ikkje unaturleg at ei kyrkja vart bygd her. Veggene i denne kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned att. Det er usikkert kvifor dei vart bygde. Likeeins ein balkong på utsida oppe under røstet i korgavlen. Troleg har det at gjera med at kyrkja blei innretta som ein festning i tillegg som ei kyrkje i den ufredstid som da hersket.
Kyrkja er rikt dekorert; frå målingane på veggene i våpenhuset og kalkmåleria i skipet til taket i koret med stjerner og halvmånar. I korveggen, attom toppen av altertavla, er det innmura ein marmorstein med runer. Denne innskrifta inneheld ei bøn og det ein trur er namnet på byggmeisteren: Gunnar.
Kyrkja blei i 1723 solgt privat sammen med ei rekke andre kyrkjar her i landet grunnet kongens pengemangel. Amtmann Erik Mutt var den første eigaren. Den var i privat eige til 1860 da herredet kjøpte den tilbake i offentleg eige.
I 1928–29 vart kyrkja påbegynt gjennomgåande restaurert. Det noverande interiøret stammar i hovudsak frå 1600-talet. Kyrkja blir nokre gonger kalla Nordmørsdomen.
Tingvoll kyrkje var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.
Galleri
Kjelder og litteratur
- Tingvoll kyrkje
- Tingvoll kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
- Lamvik, Martin. Tingvoll kyrkje. Utg. Tingvoll sokneråd. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tingvoll kyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |
Koordinater: 62.91185° N 8.18152° Ø