Tistam krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tistam vart skild frå Utvik krins ved krinsreguleringane i 1861. Gardane i Tistam var Moldreim, Tistam, Frøyset og Gjuv. Tistam krins var frå 1861 til 1892 bygdene Tistam og Rand, og frå 1892 til 1916 Tistam og Fjelli. Frå 1916 fram til skulen vart lagt ned i 1962 var Tistam eigen skulekrins.

Tistam skule

  • Byggeår: 1904
  • Fungerte som skule: 1904-1962
  • Anna bruksområde: Tistam grendalag tok over skulehuset frå 1965.

Lærarar

Namn Fødd Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ola Hestnes 1886 1916 ? Volda lærarskule (1908) Tidlegare lærar i Trysil 1910-1912. Lærar i Fjelli og Tistam 1912-1916. Lærar i Tistam og Utvik 1916-1919. Lærar i Utvik frå 1929.
Olina Beinnes 1895 1924 ? Volda lærarskule (1924) Også lærar i Sindre og Blakset krinsar (1924-1934) og ved Olden skule (1934-).
Ingolv Bogstad 1882 1905 1912 Volda lærarskule (1903) Lærar i Agdenes (1904-1905), lærar i Fjelli og Tisthamar (1904-1912), lærar i Voss (1912-1919) og lærar i Breim (1919-1943).

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dagbok for Tisthammer skule, Aarholen skule og Rand skule, 1884-1904
  • Dagbok for Fjeldens (Fjelli) skule (Sølvberg krins) og Tisthammer skule, 1892-1906
  • Dagbok for Tisthammer skule, 1906-1948
  • Dagbok for Tistam skule, 1948-1962
  • Hovudbok for Tistham skule, 1937-1962
  • Skuleprotokoll for Tisthammer skule og Rand skule, 1883-1904
  • Møtebok for tilsynsutvalet i Tistahammer skulekrins, 1890-1962